Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kollemo skole

KOLLEMO SKOLE

 

Om oss


Kollemo skole er ein fådelt skule i Hægebostad kommune i Agder.

1. klasse går aleine. 2. og 3. klasse, 4. og 5. klasse og 6. og 7. klasse er saman i ein del av timane.

Det er i dag 85 elevar og 20 tilsette på skulen.

Vår adresse er: Kollemo skole, Asgjersvei 1, 4595 Tingvatn


Vår visjon

Vi har stort fokus på at alle elevar skal oppleve skulekvardagen som positiv, og at kvar og ein skal få ei størst mogleg fagleg og sosial utvikling. Visjonen er at vi skal «finne talentet til kvar enkelt elev».

Skulens menneskesyn:

  • Alle er like mykje verdt.
  • Alle har moglegheit for å utvikle seg.
  • Alle skal bli møtt med høflegheit, tillit og respekt.

Rektor ved skulen er Kjetil Homeland.

Vi har to teamleiarar:

 

  • Hilde Senumstad Olsen 1-3.trinn
  • Gunn Hege Hetland 4.-7. trinn

Gry Anette Handeland Stedjan er læringslos.