Tidspunkt: 19.00 – 20.00

Stad: Klasserommet til 4. klasse på Kollemo skole (rom nr. 200).

 

Frammøtte: Jorunn Ljosland, Ragnhild Kvåle, Veronika Andreassen, Lene Urevatn, Gerd Lima, Arne Andersen, Ann Iren Verdal, Jan Petter Gysland, Stina Estensen, Nina L. Tveit, Cecilie Eiken og Kjetil Homeland (sekretær og møteleiar).

 

Saksliste:

 

Sak 1: Budsjett 2023

 

Det endelege forslaget frå rådmannen til budsjett for 2023 har tatt høgde for det som rektor har meldt inn at skulen har behov for i 2023, så vi får håpe på at dette går igjennom hos politikarane.

 

Sak 2: Situasjonsrapport frå Kollemo skole.

 

Rektor orienterte om situasjonen ved skolen.

 

 

Sak 3: Frå referatet frå elevrådsmøte hausten 2022: Vi ønsker at det er lov til å ha tyggis på morgonen. Vi ser at nokon av dei vaksne har det og vi vil ikkje ha dårlig ande.

 

Kva meiner FAU om dette?

 

FAU meiner at det bør kunne innførast ei prøveordning der 4 - 7. klasse har lov til å ha tyggis på morgonen kvar onsdag i ein periode framover i tid. Rektor skal tenkje på saka.

 

Sak 4: Eventuelt.

 

  • Reflekskonkurransen har tidlegare år vore i regi av Trygg Trafikk. I år har dei endra veldig på opplegget. Det er mellom anna ikkje pengepremiar som tidlegare Teamleiarane ved skulen spurde derfor FAU om dei hadde moglegheit til å stille med premiar/kunne ta på seg å finne andre sponsorar. FAU stiller med kr. 4000 til dette. FAU-leiar og skulen blir einige om korleis dette skal organiserast.
  • Gatelysa på fylkesvei 43 går av kl. 07.40. Dette gjer at fleire elevar ikkje vågar å gå/sykle til skulen. Rektor prøver å få ordna så lysa står på til skulen byrjar.
  • Bussjåførane bør informerast/minnast på pliktane dei har i samband med §9a.
  • Det vart stilt spørsmål ved kva prosedyrar skulen har når dei tilsette bruker private telefonar til å ta bilete av ting som ein gjer på skulen. Skulen har ikkje eigne skriftlege prosedyrar på dette, men bileta skal berre brukast internt på skulen (kan også visast ved for eksempel jule- eller sommaravslutning).
  • Det kom inn ønske frå ein FAU-representant om meir info om kva Feide-innlogging er for noko i samband med at føresette blir beden om å skrive under på at det er ok at borna bruker dette.
  • Det har kome tilbakemeldingar på at bileta som vart teken av 1. og 7. klasse i haust var for dyre. Dersom dette er noko som er gjengs oppfatning bes FAU ta opp dette igjen våren 2023. Då kan sjølvsagt skulen prøva å finne andre billigare alternativ.

 

 

 

 

Med helsing

Kjetil Homeland

Enhetsleder Kollemo skole