Elevar og foreldre!            Infobrev – juni 2022

 

Skuleåret 2021/22 nærmar seg slutten med stormskritt. Dette blir etter all sannsyn siste infobrev dette skuleåret. Det har vore nok eit uvanleg år med pandemi store delar av året. Dei siste månadane no på slutten av skuleåret utan restriksjonar har vi alle satt pris på. Vi får krysse fingrane for at det fortsetter slik neste skuleår.

Takk til elevar, føresette og tilsette for god innsats i året som har gått. Lykke til vidare til elevane i 7. klasse, som startar på ungdomskulen på Byremo til hausten, og god sommarferie til dykk alle når den tid kjem.

 

Melding av fråvær mv. ved Kollemo skole:

Fråvær pga. sjukdom: meldes så raskt som mogleg direkte til kontaktlærar pr. SMS/telefon (kontaktinfo står på vekeplanane).

For at skulen skal kunne ha kontroll på at det ikkje har skjedd noko på veg til skulen, er det viktig at det blir gitt beskjed kvar morgon så lenge barnet er sjukt og ikkje kan kome på skulen (dersom det er klart på førehand at barnet vil bli borte fleire dagar held det sjølvsagt å melde i frå om dette fyrste dag).

 

Permisjon for inntil tre samanhengande dagar: Kontaktlærar kan gje permisjon for inntil tre dagar. Permisjonssøknad sendes i så fall kontaktlærar pr. mail/SMS så raskt som mogleg i forkant. Skulen har ikkje noko eige skjema for slike søknadar.

 

Fråvær over tre dagar: Permisjonssøknaden sendes rektor pr. mail så raskt som mogleg i forkant. Skulen har ikkje noko eige skjema for slike søknadar.

 

For å ivareta den faglege utviklinga er det viktig at fråværet blir minst mogleg.

 

Andre beskjedar: Dersom det er behov for å gje andre beskjedar til elevane i løpet av dagen, bør dette gjerast via SMS til kontaktlærar. Vi ber om at dette blir brukt berre når det er absolutt nødvendig.

Kontaktlærar gir tilbakemelding «tommel opp» når beskjeden er gitt vidare.

Dersom ein ikkje får tilbakemelding frå kontaktlærar, kan ein prøve å ringe skuletelefonen: 97999525.

 

Beskjedar som dreiar seg om SFO skal sendas til SFO-telefonen (94527208). Husk at SFO også må ha beskjed om eleven ikkje kjem: 94 52 72 08.

 

Leksehjelp: Meld frå om fråvær på SFO-telefonen.

 

Skuleavslutning:

Minner om skuleavslutninga måndag 20.06. Føresette og elevar møtes på skuleplassen kl. 17.00. Skulen tennar opp grillen. Kvar familie tek sjølve med det som ein ønsker å grille. I etterkant vil det bli diverse leikar mv. på skuleplassen. Dersom de har ekstra stoler/bord lett tilgjengeleg er det fint om det tar desse med. FAU sørger for kaffi mv.

Det har blitt ei endring på når føresette og elevar i 7. klasse samlast for ei meir formell avslutning: kl. 16.30 i klasserommet til 7. klasse. Kontaktlærar, rektor og tidlegare kontaktlærar blir med.

 

 

Grunna skuleavslutning på kvelden 20.06, og skuleturar med lengre dagar, avspaserer elevane tysdag 21.06 og onsdag 22.06. Dersom nokon har behov for SFO i skuletida (kl. 08.05 – 13.45) tysdag 21.06 så fiksar vi sjølvsagt det. Gje i så fall beskjed pr. mail til rektor innan torsdag 09.06. Fint om de skriv på om eleven skal vere der heile skuledagen (elevar som har SFO til vanleg på tysdagar kan og bruke tida etter skuletid om de ønsker. Fint om de då skriv i mailen kor lenge de ønsker at eleven skal vere på SFO denne dagen).

 

Kontaktlærar neste skuleår (slik det ligg an pr. no):

1

Hilde S. Olsen

2

Nina L. Tveit

3

May Sissel Rossevatn

4

Gry Anette H. Stedjan

5

Elin Naglestad

6

Abeer Salloum

7

Cecilie Eiken

 

Klasserom neste skuleår:

1

Klasserom vegg i vegg med musikkrom (nr. 120).

2

Nye klasserom i nybygg.

3

Tepperommet (det gamle datarommet).

4

Største klasserom i 2. etasje (nr. 200).

5

Klasserom nr. 202 i 2. etasje.

6

Klasserom som dei har i dag (rom nærmast barnehagen).

7

Klasserom vegg i vegg med skulekjøkken.

 

Ekstra naturfagstime på mellomtrinn:

For nokre år sidan la myndigheitene til ein ekstra naturfagtime i veka på mellomtrinnet. Det var og er valfritt kva trinn denne timen blir lagt til, og læringsmål kan veljast fritt utifrå måla som ligg i naturfag for 5-7. På Kollemo valte vi å løyse dette ved at 6. klasse hadde ein overnattingstur frå ein fredag til ein laurdag kvar vår. For å kome opp i nok timetal hadde dei også ein lang onsdag i forkant og etterkant, som vart nytta til førebuing til/etterarbeid til turen.

 

Skulen legg frå og med hausten opp til at det skal vere ei fast ordning at 6. klasse kvar haust har ein overnattingstur frå fredag til laurdag fyrste helga i september. (hausten 2022 vil dette også gjelde for 7. klasse). Turen startar fredag kl. 16.00, og sluttar laurdag kl. 16.00. Onsdagen før og etter turen vil bli lagt opp som full skuledag for elevane i 6. og 7. klasse (08.05 – 16.00). Fullstendig program og læringsmål for turen er ikkje fastsett enno.

 

Fyrste skuledag etter sommarferien:

Fyrste skuledag skuleåret 2022/2023 er torsdag 18. august kl. 08.05.

 

Lenke til skulens heimeside:

https://www.haegebostad.kommune.no/kollemo-skole-heimeside.576623.no.html

 

 

Med venleg helsing 

 

Kjetil Homeland 

Rektor