Retningslinjer

Søknadskriteria:

  • Organisasjonen og aktiviteten må vera open for alle.
  • Søknaden må sendast innan fristen og godkjent rekneskap må leggast ved.
  • Organisasjonar med fleire underavdelingar eller aktivitetar må skriva ein samla søknad.
  • Over halvdelen av medlemmane må vera under 25 år og busett i Hægebostad kommune. Det kan gjerast unntak frå dette dersom laget har ein betydeleg aktivitet for barn og unge, men likevel har størst del av vaksne over 25 år.
  • Det må vera medlemsavgift/medlemsregistrering dersom det skal ytast midlar.

 

Unntak frå tilskot:

Velforeiningar og bygg- og anlegg kan ikkje få stønad frå desse midlane. Heller ikkje kommersielle tiltak, politiske organisasjonar, skoleklassar, barnehagar, konfirmantgrupper, foreiningar som har til oppgåve å ivareta medlemmane sine yrkesmessige og økonomiske interesser.

 

Fordelingsnøkkel:

  • Tal på aktive, betalande medlemmer
  • Tal på barn og unge under 25 år i laget
  • Kostnadsnivå og hyppighet på aktiviteten i laget
  • Årlege inntekter og utgifter
  • Totalvurdering i høve til eks. ”utsette” grupper

 

Klagerett:

Det blir gjeven klagerett som enkeltvedtak etter vanlege reglar i Forvaltningslova.