Skulen er takknemleg for at de bryr dykk om ungane sin skulekvardag. Vi ser at de foreldre er flinke til å støtte og hjelpe borna dykkar gjennom ein til tider strevsam kvardag med skule, lekser og fritidsaktivitetar. Eit godt samspel mellom heim og skule er avgjerande for best mulig læringsutbytte for alle elevane på skulen vår. 

 

Det fine samespelet som vi såg mellom elevane ute friminutta i haust har fortsatt også etter nyttår. Det er nokre flotte born de har.

 

Gå/sykle til skulen dersom dette er mogleg:

Vi vil fortsatt oppmode om at dei elevane som kan går eller syklar til skulen. Dette er positivt på fleire måtar: For det fyrste vil det ha positiv innverknad på borna sin kondisjon og helse. For det andre vil det vera positivt i eit trafikksikkerhets perspektiv. Det er slik at jo fleire bilar som er i skuleområdet ved skulestart/slutt jo større er moglegheita for fleire potensielt farlege situasjonar.

 

Det kan fort skje trafikkfarlege situasjonar ved henting/levering av born med privatbilar på skulen. Det aller beste tiltaket for å hindre dette er som sagt ovanfor at ein lar ungane gå/sykle sjølv til skulen. Dersom ein av ulike årsakar likevel må køyre er det viktig at vi alle tenker nøye igjennom sikkerheita når ein hentar/leverer (avpass farten, unngå rygging, mv.).

 

Kommunen kjem til å merke opp eigne «dropsoner» for avlevering/henting av born etterkvart. Inntil det er gjort ønsker vi at privatbilar skal parkere ifrå innkøyringa til biblioteket og til ca. midt på fortauet som går mot barnehagen (Bussane må ha den resterande plassen til og med sykkelbua).

 

Påskegudsteneste:

Torsdag 7. april kl. 10.30 er det påskegudsteneste for heile skulen. Elevane er med på planlegging og gjennomføring. Dersom de ikkje ønsker at barnet dykkar skal delta (jfr. Opplæringslova §2-3a) må skulen ha beskjed seinast 30. mars. Dei vil då få eit anna pedagogisk opplegg ved skulen.

 

SFO:

Minner om at søknadsfristen til SFO for neste år er 1. april. Denne søknaden må gjerast digitalt: https://haegebostad.ist-asp.com/NO01034-pub/login.htm

 

Oppseiing av plass og andre endringar må og gjerast på same stad. Meir info finn de på kommunen si heimeside.

 

Utviklingssamtalar:

Minner om utviklingssamtalane i veke 13. De har fått informasjon om dette frå kontaktlærarane. Ta kontakt med dei om noko er uklart.

 

 

 

 

 

Skuleskyss:

Det har som kjend vore ei utfordring med å få skuleskyssen til på gå på ein tilfredsstillande måte om ettermiddagen dette skuleåret. Eit minstekrav må vera at alle elevane til ei kvar tid veit kva buss dei skal på. Slik har det dessverre ikkje vore til no dette skuleåret.

Eg gjekk for ca. i veke sidan ut med ein beskjed frå AKT om at problemet var løyst. Bussen som køyrer om Lauen skulle ta turen om Snartemo fyrst med dei elevane som ikkje fekk plass Bygederuta. For å få til at elevane skulle ha ein fast buss å forholda seg til gjekk eg med på å lage ei liste på kva elevar som skulle vere med dei ulike bussane. Kanskje ikkje eigentleg mitt ansvarsområde, men eg valte for elevanes beste å gjere dette likevel. Då oppdaga eg at det var for mange elevar på Bjærum/Naglestadbussen også. Faktisk var elevtalet som har rett på skyss høgare enn tal på plassar i bussane. Dette gjorde det umogleg å lage lister med kva elevar som skulle på dei ulike bussane.

 

Eg har teke dette opp med AKT, og frå og med måndag startar dei opp med ei ordning der alle elevane har ein fast buss å forholda seg til. For å få dette til må fire elevar ta taxi kvar ettermiddag. Dette gjeld nokre av elevane som skal til Bjærum og Tingvatn. Pga. innføringa av denne ordninga vil nokre elevar frå og med måndag morgon kome heim til eit litt anna tidspunkt enn tidlegare i år. Forhåpentlegvis vil dette tidspunktet bli nokolunde likt resten av skuleåret.

 

AKT har lova at det frå og med neste år skal vera klart ei ordning der alle elevane har ein fast buss å forholda seg til ved skulestart. For å vera på den sikre sida kjem eg til å følgje dette tett opp inn mot neste skuleår.

 

Skuletelefon:

Skulen har lenge vore utan fasttelefon. Dette skyldas ein glipp frå underteikna i samband med utbygginga (det vart ikkje lagt inn nokon ny telefonleidning). Skulen har kjøpt inn ein eigen mobiltelefon som skal fungere som skuletelefon frå og med veke 12. Nummeret til denne er: 97999525.

 

Det er sjølvsagt fortsatt mogleg å ringe mitt nummer (91362143) om ein ikkje kjem igjennom på skuletelefonen.

Beskjedar som dreiar om SFO kan sendas til SFO-telefonen (94527208).

 

 

 

 

 

Med venleg helsing 

 

Kjetil Homeland 

Rektor