Skuletelefon:

Nummeret til skuletelefonen er: 97999525.

Beskjedar som dreiar seg om SFO skal sendas til SFO-telefonen (94527208).

 

Leksehjelp:

Pga. heilagdagar og mindre leksemengde i juni (elevane vil då berre ha leselekse) vil behovet for leksehjelp for dei som nyttar seg av dette tilbodet vere mindre frå og med fyrstkommande onsdag og fram mot sommarferien. Dei av dykk som likevel vil nytte dykk av ordninga også i denne tida skal sjølvsagt få anledning til det. Fint om de i så fall gjev beskjed til kontaktlærar slik at vi har ein oversikt over kven som kjem, og slik at kontaktlærar kan finne arbeidsoppgåver til eleven. Tida vil då bli nytta til å gjere leseleksa, gjere ferdig evt. oppgåver som ikkje er gjort i løpet av skuleåret, og liknande.

 

Henting med privatbilar:

Eg har fått beskjed frå bussjåførane om at det innimellom kan vera vanskeleg å finne plass til bussane pga. privatbilar som står og ventar ved busshaldeplassen. Bussane parkerer frå ca. midt på haldeplassen, og mot barnehagen. Fint om dei av dykk som hentar med privatbilar kan parkere frå krysset inntil biblioteket og til midten av haldeplassen.

 

Vi vil fortsatt oppmode til at så mange som mogleg går/syklar til skulen. Jo fleire som gjer dette jo betre blir sjølvsagt kondisjonen. men det vil og føre til ein trafikksikkerhets gevinst: Dersom færre køyrer til skulen vil det og bli færre bilar i området rundt skulen.

 

 

 

 

 

 

Med venleg helsing 

 

Kjetil Homeland 

Rektor