Det er muleg å søke om redusert foreldrebetaling i SFO for husholdningar med elevar på 1. - 4. trinn.

Du får ikkje automatisk lågare pris fra SFO dersom du har låg inntekt. Du må sjølv søke om å få redusert foreldrebetaling. Det må søkast kvart år. 

Søknaden gjeld for eit SFO-år om gongen.

 

For å kome til søknadskjema trykk her: https://haegebostad.custompublish.com/skjema-a-aa.529083.no.html

 

Søknadsfrist

Frist for å søke om redusert foreldrebetaling er 3 veker etter at du har takka ja til tilbod om plass. Søknad som kjem etter fristen vil være gjeldande frå påfølgande fakturamånad.