Håper alle har hatt ein fin påskeferie. Det drar seg raskt mot skuleslutt. Vi har no igjen litt under to månadar. Pga. gjennomføring av skuleturar og andre spesielle dagar (sjå oversikt nedanfor) og heilagdagar er det enno færre dagar att med ordinær undervisning. For å sikre mest mogleg læringsutbytte fram til ferien er det derfor særs viktig at alle elevar fortsetter å arbeide godt i timane som er att, og at leksene blir følgd opp på ein god måte.

 

Det er gøy å sjå at den gode leiken og atmosfæren fortsetter i friminutta. Det varmar eit rektorhjarte (og sikkert ein del andre sine også) å sjåJ.

 

Skuletelefon:

Nummeret til skuletelefonen er: 97999525.

Beskjedar som dreiar seg om SFO skal sendas til SFO-telefonen (94527208).

 

Skuleavslutning:

Skuleavslutninga blir måndag 20.06. Føresette og elevar møtes på skuleplassen kl. 17.00. Skulen tennar opp grillen. Kvar familie tek sjølve med det som ein ønsker å grille. I etterkant vil det bli diverse leikar mv. på skuleplassen.

Føresette og elevar i 7. klasse samlast i etterkant (kl. 19.00) i klasserommet til 7. klasse til ein meir formell avslutning. Kontaktlærar, rektor og evt. tidlegare kontaktlærarar blir med.

 

Sparkesyklar til Pumptrackbanen:

FAU har kjøpt inn sparkesyklar og verneutstyr til skulen. Det er vi veldig takknemlige for. I friminutta er det berre 7. klasse som kan bruke desse. Dette vil bli ei fast ordning framover.

Skulen ønsker fortsatt ikkje at elevar tek med seg eigne sparkesyklar til bruk på Pumptrackbanen i skuletida.

 

Kommuniserbare klokker:

Skulen ser at tal på elevar som har med kommuniserbare klokker er aukande. I ordensreglementet står det: «Bruk av mobiltelefon og andre kommuniserande einingar i skuletida er ikkje tillate utan etter spesiell avtale».

Kommuniserbare klokker og mobiltelefonar, som elevane evt. har med på skulen, skal leverast inn til rektor/lærar ved starten av skoledagen, og hentas når elevane går heim for dagen.

 

Overnattingstur i samband med ekstra naturfagstime for mellomtrinnet:

For nokre år sidan vart det lagt til ein ekstra naturfagtime i veka på mellomtrinnet. Det var valfritt kva trinn denne timen vart lagt til, og læringsmål kunne veljast fritt utifrå måla som ligg i naturfag for 5-7. På Kollemo valte vi å løyse dette ved at 6. klasse hadde ein overnattingstur frå ein fredag til ein laurdag kvar vår. For å kome opp i nok timetal hadde dei også ein lang onsdag i forkant og etterkant, som vart nytta til førebuing til/etterarbeid til turen.

Denne våren blir det ikkje noko overnattingstur for 6. klasse. Vi ønsker å endre litt på ordninga frå og med hausten 2022:

 

Vi ønsker å innføre som fast ordning at 6. klasse kvar haust har ein overnattingstur frå fredag til laurdag fyrste helga i september. (hausten 2022 vil dette også gjelde for 7. klasse). Turen startar fredag kl. 16.00, og sluttar laurdag kl. 16.00. Onsdagen før og etter turen vil bli lagt opp som full skuledag for elevane i 6. og 7. klasse (08.05 – 16.00).

Fullstendig program og læringsmål for turen er ikkje fastsett enno.

 

Elevrådet og FAU (sak på møte 03.05.22) vil få anledning til å seie si meining før vi tek endeleg avgjerd om saka.

 

 

 

Dato

Kva

25/4

Foreldremøte nye 1. klasse.

28/4

Sykkeldag 4-7 (heile dagen).

28/4

Førestilling for 1. klasse og skuleklubben.

2/5

Samtalar med nye 1. klasse (Føresette får tilsendt tidspunkt).

4/5

5/5

Sykkeldag 1-3. (3., 4. og 5. time)

10/5

DKS (1-7.) - Boom Snap Clap (frå kl. 13.00 – 13.45).

16/5

Rydde søppel: 1-3. ryddar skuleområdet. 6-7. ryddar vegen ned til kommunehuset.

18/5

Rydde søppel: 4-5. klasse ryddar skuleområdet.

1/6

Førskuledag nye 1. klasse.

8/6

Sykkeltur med innlagt utesymjing for 4-7 (utvida skuledag til kl. 15.00).

14/6

Tur til Setesdalsbanen for 1-6. Kontaktlærarane gjev nærmare info når det nærmar seg.

14/6

Besøksdag for 7. klasse på Byremo. Kontaktlærar gjev nærmare info når det nærmar seg.

20/6

Sommaravslutning for alle elevar og føresette frå kl. 17 – 19.

20/6

Siste skuledag for alle elevar (Avspaserer tysdag og onsdag pga. lengre dagar ved skuleturane).

 

Følgjande kan også bli aktuelt, men det er ikkje endeleg bestemt enno:

  • Natursti 1-3.
  • 5. klasse er invitert til Heddan gard saman med skuleklubben i barnehagen. Tidspunkt er ikkje bestemt enno.

Kontaktlærarane gjev meir info på vekeplanane dersom dette blir gjennomført.

 

 

 

Med venleg helsing 

 

Kjetil Homeland 

Rektor