Tidspunkt: 19.00

Stad: Klasserommet til 4. klasse på Kollemo skole.

 

Saksliste:

 

Sak 1: Situasjonsrapport frå Kollemo skole:

 

Rektor gav ein situasjonsrapport om Kollemo skole. Det som vart trekt fram som positivt var at ein opplev i stor grad god stemning både inne i timane og ute i friminutta.

 

Har utfordringar med ein del ufint (grovt språk) blant dei eldste elevane. I elevsamtalane har elevane meldt om ein del dårleg oppførsel på bussane. Det dreier seg om elevar som snakkar stygt, er høgrøysta og som bevegar seg når bussane går.

 

FAU peika på at det er viktig at føresette blir informert dersom borna deira ikkje oppfører seg.

 

Rektor kjem til å ta opp saka att med AKT angåande bussane. Det er slik han ser det ei utfordring at det blir nytta små bussar der elevane blir sittande veldig tett.

 

Det har vore ein utfordrande situasjon dette skuleåret pga. høgt sjukefråvær og ofte stor mangel på vikarar. Både tilsette og elevar har dessverre opplevd endringar på timeplanen så og si dagleg.

 

Sak 2: Informasjon om Statsforvaltaren sitt planlagde tilsyn av Hægebostad

kommune og vår praksis av Opplæringslova §9a:

 

Rektor orienterte om det generelle tilsynet på kommunen sin praksis i §9a saker som Statsforvaltaren gjennomfører i løpet av mai 2023.

 

Sak 3: Eventuelt:

 

  • Budsjett 2024: Elevtalet ved skulen vil auke til rundt 90 elevar neste skuleår. Dette betyr at vi vil få mange klassar som blir for store til at vi kan slå dei i saman i like stor grad som vi har bruka å gjere. Dei eldste digitale tavlene ved skulen må skiftast i løpet av neste år. Det må også kjøpast inn fleire nye læreverk. Prisane på det skulen kjøper aukar også lik alt anna i klasserommet. Det trengs også meir ressursar til skulen for å kunne gjennomføre det som ligg i den nye barneverns-reforma. Av desse grunnane er det meldt inn eit behov for vesentleg auke i ramma for 2024.

FAU vurderer å kome med eit innspel til politikarane om budsjettet 2024. FAU-leiar tek ansvar for dette.

  • FAU kom med ønske om eit foreldremøte der tema var spel.
  • FAU la planar for gjennomføringa av årets 17. mai.

 

 

 

 

 

 

 

 

Med helsing

Kjetil Homeland

Enhetsleder Kollemo skole