Tidspunkt: 18.30

Stad: Klasserommet til 7. klasse på Kollemo skole.

 

Tilstade: Alle FAU representantane for 1. – 7. klasse. Rektor var med som sekretær.

 

Saksliste:

 

Sak 1: Situasjonsrapport frå Kollemo skole: Rektor fortalde litt om korleis situasjonen ved skulen har vore sidan sist.

 

Sak 2: Organisering av ekstra naturfagstime på mellomtrinnet: Skulen ønsker å innføre som fast ordning at 6. klasse kvar haust har ein overnattingstur frå fredag til laurdag fyrste helga i september. (hausten 2022 vil dette også gjelde for 7. klasse). Turen startar fredag kl. 16.00, og sluttar laurdag kl. 16.00. Onsdagen før og etter turen vil bli lagt opp som full skuledag for elevane i 6. og 7. klasse (08.05 – 16.00). Fullstendig program og læringsmål for turen er ikkje fastsett enno. Kva meiner FAU om dette?

 

FAU stiller seg positive til dette.

 

Sak 3: Kommuniserbare klokker: Skulen ser at tal på elevar som har med kommuniserbare klokker er aukande. I ordensreglementet står det: «Bruk av mobiltelefon og andre kommuniserande einingar i skuletida er ikkje tillate utan etter spesiell avtale».

Kommuniserbare klokker og mobiltelefonar, som elevane har evt. har med på skulen, skal leverast inn til rektor/lærar ved starten av skoledagen.

Bakgrunn for vedtaket: For å unngå uheldige situasjonar som fort kan oppstå om vi slepp dette fritt (mobbing, bilete som ikkje skulle vore tatt, osv.).

Skulen har dessverre ikkje kapasitet til å kontrollere om kvar enkelt klokke til ei kvar tid står i skulemodus, og har derfor bestemt seg for å leggje seg på denne linja.

 

Ein av representantane hadde fått ein del innvendingar om vedtaket frå føresette i klassen ho/han representerer: Smartklokker kan setjast i skulemodus, det er eit bra alternativ til mobiltelefon, bilete som evt. blir teken med ei slik klokke blir uklare og går rett til ein App. Det er føresette som har kontroll over denne Appen.

Det er forbode med kommuniserande einingar etter dagens ordensreglement. FAU kan evt. ta dette opp når ordensreglementet skal reviderast ved skulestart i august 2022.

 

Rektor har i etterkant av møtet gått ut med følgjande presisering til alle føresette ved skulen:

 

På infobrev for april 2022 gjekk eg ut med følgjande:

Skulen ser at tal på elevar som har med kommuniserbare klokker er aukande. I ordensreglementet står det: «Bruk av mobiltelefon og andre kommuniserande einingar i skuletida er ikkje tillate utan etter spesiell avtale».

Kommuniserbare klokker og mobiltelefonar, som elevane evt. har med på skulen, skal leverast inn til rektor/lærar ved starten av skoledagen, og hentas når elevane går heim for dagen».

 

I etterkant har eg fått ein del tilbakemeldingar frå føresette som påpeiker at deira born har kommuniserande klokker som blir sett i såkalla «skulemodus» i skuletida. Dette gjer at dei då fungerer som ei vanleg klokke, og ikkje kan kommuniserast med. Pr. definisjon er dei då ikkje «kommuniserande einingar». Årsaka til at borna har dei med seg er at dei brukas til å halde kontakt med borna etter at dei har kome heim og frem til føresette kjem, og liknande.

 

Eg forstår at «totalforbodet» kan opplevast som urimeleg for desse føresette. Det er dessverre ikkje alle klokken som kan setjast i «skulemodus», og skulen har ikkje kapasitet til å sjekke kvar og ei klokke kvar morgon. Eg vel å lage følgjande unntak frå regelen (går inn under «spesiell avtale» i ordensreglementet):

 

Elevar som har eit reelt behov for å bruke kommuniserande klokker etter skuletid kan ha klokka på armen også i skuletida. Denne må då stå i «skulemodus» heile skuledagen. Føresette, som dette gjeld for, sender rektor ein e-post med følgjande informasjon: Namn på barn, gjerne årsaka til at barnet treng å ha med klokka på skulen, og ein lovnad om at dei skal setje klokka i «skulemodus» i skuletida. For våren 2022 må denne e-posten sendast innan tysdag 10.05. Eg lagar ei liste over elevar dette gjeld for som blir gjeven til kvar lærar.

 

Alle andre kommuniserbare einingar må leverast inn ved starten av skuledagen.

 

 

Sak 4: Evaluering av anna organisering av innkalling til utviklingssamtalar: Skulen prøvde ut ein anna organisering av innkallinga til utviklingssamtalane i veke 13 denne våren. Korleis fungerte dette?

 

FAU syns at ordninga fungerte bra.

 

Sak 5: Skuleavslutning sommaren 2022:

Skuleavslutninga blir måndag 20.06. Føresette og elevar møtes på skuleplassen kl. 17.00. Skulen tennar opp grillen. Kvar familie tek sjølve med det som ein ønsker å grille. I etterkant vil det bli diverse leikar mv. på skuleplassen.

FAU ordnar med to kaker pr. klasse (6. klasse fruktkorg og 1. klasse glutenfritt) og koker kaffi.

Føresette blir oppmoda om å ta med bord og stoler om dei har.

Skolen ordner med to store griller, og tenner disse.

 

Sak 6: Eventuelt.

 

  • Julefilmen fungerer ikkje på fjernsyn. Må i så fall koplas va datamaskinen.
  • Resultata frå Ungdata er snart klar.
  • Snakka litt om buss neste skuleår.
  • Gjennomgang av oppgåver på 17. mai. Elevane får Frisbee (til golf) som premie. Desse kan også brukast på skulen.
  • Heimesida er den klar? Er klar, men vi treng litt meir trening i korleis ein legg ut info.
  • Kan ein skrive ein takk for gåva til sparkesyklane på infobrevet? FAU-leiar sender rektor oversikt på kven som har bidrege. Rektor sett dette på neste infobrev.

 

 

 

 

Med helsing

Kjetil Homeland

Enhetsleder Kollemo skole