Tidspunkt: 18.30

Stad: Klasserommet til 7. klasse på Kollemo skole.

 

Saksliste:

 

Sak 1: Situasjonsrapport frå Kollemo skole:

 

God leik i friminutta, og stort sett god arbeidsro og innsats i timane.

 

Dei tilsette står på, og gjer sitt yttarste for at elevane skal få mest mogleg utvikling både sosialt og fagleg. Etter to år med Covid-19 så merkar vi slitasjen godt.

 

Sak 2: Søknad om trafikksikringstiltak ved Kollemo skole: Kommunen har søkt om midlar til å merke opp parkeringsplassane på personalparkeringa, sykkelstativ i sykkelbua og til å merke opp eigne «dropsoner» for henting av elevar med hhv. privatbil og skulebuss.

 

Innspel frå FAU: Veien kunne vært bredere ved buss-stoppet.

 

Kunne elevane hatt nummer utifrå bussane dei skal på?

 

Sak 3: Resultat frå elevundersøkinga hausten 2021:

 

Resultata var jamt over gode på alle spørsmål.

 

Sak 4 Resultat frå Nasjonale prøvar for 5. klasse hausten 2021.

 

Resultata kan ikkje offentleggjerast pga. at klassen er for små. Vi scora over landsgjennomsnittet i rekning, var akkurat på gjennomsnittet i lesing og var litt under i engelsk.

 

Sak 5: Sommaravslutning 2022:

 

Siste skuledag er onsdag 22. juni. Dei to siste åra har vi pga. Covid-19 ikkje hatt ei felles sommaravslutning for heile skulen, men i staden klassevise avslutningar. Vi opplevde det som positivt at 7. klasse hadde avslutning aleine med føresette og lærarane. Det har vore ei verdig og fin markering både i fjor og året føre. I år ønsker eg at vi gjer det på følgjande måte:

 

7. klasse og føresette blir invitert til ei markering av at dei ferdige ved Kollemo skule fyrst på ettermiddagen.

Heile skulen med føresette blir invitert til ei meir uformell markering på utsida litt seinare på ettermiddagen der vi grillar, leikar, og liknande.

 

Dag må anten bli måndag 20/6 eller tysdag 21/6 (avheng litt kvar tid Byremo skal ha si).

 

Rektor høyrer med lærarane.

 

Sak 6: Utstyrsbank:

Har FAU moglegheit til ta på seg oppgåva med lage ein «utstyrsbank» (ski, skisko og skøyter), som vi kan ha her på skulen (kan for eksempel lagre det rett til høyre når ein kjem ned i kjellaren til bomberommet)?

FAU tek saka.

Sak 7: Eventuelt.

 

  • Filmen frå «juleavslutninga» 2021 er komen. Må berre få sjekka at alt er ok, og delt opp til kvar klasse før den blir delt ut. Viss alt går etter planen skjer det på torsdag i denne veka.
  • Skuleskyss: Som de har sett i infobreva frå skulen er ikkje skuleskyssen optimal om ettermiddagen. Det blir brukt tre minibussar som kvar tek 16 elevar. Den eine av desse er også Bygderuta. Når det er passasjerar med denne hender det at elevar må gå av bussen, og ta ein anna buss. Dersom alle elevane då samtidig nyttar tilbodet på ei gong er det i verste fall ikkje plass til alle (dette har ikkje skjedd enno). Kan FAU legge press inn mot AKT for å få på plass ein stor buss på deler av ruta frå neste skuleår (evt. få inn ein minibuss til).
  • Sakslista til FAU/SU/SMU ønskes sendt til alle føresette.
  • Det manglar bilete på veggen for elevane som var i fjor.
  • Korleis blir det med overnattingstur for 6. klasse i år. Dato bør kome så fort som mogleg.
  • Det blir ting i år. FAU må få organisert sal av tinga som var igjen frå loppemarknaden. Britt Tove snakkar med Kjell Rune om korleis dette skal organiserast.
  • Heimesida til skulen.
  • Bør også stå noe om BTI på heimesida til kommunen.
  • FAU har igjen nokre pengar. Rektor skulle sjekke om ein kan bruke sparkesyklar i friminutta (om forsikringa gjeld). FAU kjøper inn sparkesyklar og verneutstyr.

Tanken er at det er 7. klasse som skal bruke dette kvart år. Barneidretten må også kunne bruke desse om dei vil.

 

Dersom du ikkje har anledning til å møte har du ansvar for å orientere vara om saksliste og møtetidspunkt.

 

Med helsing

Kjetil Homeland

Enhetsleder Kollemo skole