REFERAT FRÅ MØTET I FAU og SU/SMU PÅ EIKEN SKULE torsdag 23.05.2024.
Tilstade: Anne Brit Nøkland, Eli Håland, Kenneth Stedjan, Ronny Vatne, Håvard Eiken, Øystein Telhaug, Lisa Mari Nøkland, Øystein Tveiten, Nina A. Eiken, Kathrine Austrud, Line Telhaug, Helene Follesøy og Anne-Marie Telhaug
Forfall: Marius Rekevik, Anne Rigmor Åsland, Gry Anette Stedjan, Karin Rossevatn, Arne Eiken, Rita Høyland
Sak 1: Bussane:
- skulen jobber mye med oppførsel på bussane. Virker som det har blitt bedre.
- flytting av avstigning på Skeie ser ut til å ha blitt bedre. Elevane treng ikkje å krysse hovudvegen.
Sak 2: Økonomi:
- frå hausten skal skulen redusere i underkant av 1 stilling. Det blir krevande. For å få det til må vi slå saman fire trinn; dvs. 1.-2.trinn og 5.-6.trinn. Dette er utfordrande då trinna har ulik fag-og timefordeling, det er krevande med store klassar i praktisk estetiske fag, liten fleksibilitet i timeplanen då trinna blir slått saman i løpet av dagen, liten mulighet til ekstratimer til elevar som treng det.
- skulen ønsker å slå minst muleg saman klassetrinn, vil då blant anna få større handlingsrom i forhold til ekstra timer
Sak 3: Orientering om aktuelle saker frå skulen:
- avslutta tilsynssak, info sendt heimane om at skulane nå oppfyller alle punkta ang eit trygt og godt skulemiljø §9a-4 og §9a-5.
- gjennomgang Plan for elevenes skolemiljø. Planen ligg på skulen si heimeside.
- sommaravslutning 17.juni kl.17.00
- tilbod om sfo torsdag 20.juni, få påmeldte
- litt om komande skuleår; fokus på leik, uteskule og praktisk, estetiske fag.
- gave frå 7.trinn; tidlegare vedtak om at elevane på 7.trinn gir kr 50 kvar som brukes til ein blomst til kontaktlæarar og resten gis som gåvekort til alle tilsette
- dekkjungelen; ferdigstilles hausten -24
- vedlikehold skulebygg begynner å bli påkrevd
- det arbeides med å bygge om tidl datarom til grupperom og møterom
- det er stort behov for nye arbeidsplasser til tilsette, dette arbeidet er satt på vent pga økonomisk situasjon i kommunen
- skulen har nettopp gjennomført internkontroll på leikeplass og utstyr. Utbetringar blir utført av vaktmeister.
- oppvekstreformen, kommunane rigger tverrfaglege team, aukande samarbeid med fleire instanser
Takk til FAU og SU/SMU for godt samarbeid.
Med helsing
Anne-Marie Telhaug