Tilstade: Marius Rekevik, Anne Brit Nøkland, Eli Håland, Kenneth Stedjan, Anne Rigmor

                Åsland, Gry Anette Stedjan, Ronny Vatne, Lisa Mari Nøkland,

                Karin Rossevatn, Øystein Tveiten, Nina A. Eiken og Anne-Marie Telhaug

 

Forfall:   Håvard Eiken, Øystein Telhaug, Arne Eiken,

 

Tilstade SU/SMU: Line Telhaug, Helene Follesøy, Rita Høyland, FAU-representanter

              

 

Forfall SU/SMU: Inger Åshild Klungland, elevrådet

 

Sak 1:    Val av møteleiar og referent:

  • møteleiar: Anne-Marie Telhaug
  • referent: Anne-Marie Telhaug

 

Sak 2.    Val av leiar og nestleiar i FAU:

  • leiar: Anne Brit Nøkland
  • nestleiar: Ronny Vatne

 

Sak 3.    Val av representantar til samarbeidsutvalet og skolemiljøutvalet SU/SMU:

  1.  Anne Brit Nøkland         vara: Kenneth Stedjan                  
  2.  Ronny Vatne                   vara: Gry Anette Stedjan       
  3.  Lisa Mari Nøkland          vara: Eli Håland

Varamenn til kvar av desse      

               

Sak 4.     Formålet med FAU-mandatet og SU/SMU-mandatet:

  • Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av foreldrerådet til skulen.
  • Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma ovanfor skulen.
  • FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for at læringsmiljøet til elevane er trygt og godt.
  • FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.

 

               Formålet med SU/SMU-mandatet:

  • SU og SMU er slått saman til eit utval.
  • Det består av 3 repr  frå FAU, 2 elevar frå elevrådet, 1 politiker, 3 repr frå dei tilsette på skulen + rektor (utan stemmerett). Elevar og foreldre har til saman fleirtal.
  • SU er det øverste rådgivande organet på skulen
  • Alle partar er representert; elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og representant frå kommunen.
  • SU/SMU har rett til å uttale seg om/i alle saker som gjeld skulen

 

Sak 5.      Val av leiar og nestleiar i SU/SMU:

  • Leiar: Anne Brit Nøkland
  • Nestleiar: Ronny Vatne
  • Øvrige medlemmar: Lisa Mari Nøkland, Line Telhaug, Helene Follesøy, Rita Høyland, representant frå kommunen ikkje valgt + representantar frå elevrådet.

 

Sak 6.     Opplæringsloven § 9A, eleven sitt totale oppvekstmiljø:

  • Det blei gitt informasjon om Eiken skule sitt arbeid med kap 9A i opplæringsloven.
  • Det blei vist til skulen sin mobbeplan og handlingsplikten.
  • Rektor informerte om rutinane for handtering av mobbing og korleis ein aktivitetsplan er bygd opp.
  • Alle voksne har plikt til å melde i frå dersom ein ser noen som blir plaga eller mobba.

 

 

Sak 7. Orientering om aktuelle saker:

 

  • Diverse:
  • Skulen har stort fokus på god klasseleiing, trivsel og godt skulemiljø.
  • Dette skuleåret har vi også fokus på IKT. Alle elevane på 1.-3.trinn har nå Ipad og elevane på 4.-7.trinn har kvar sin pc. Vi veksler på å bruke data og bøker i undervisninga. Mange gode pedagogiske program som er fine å bruke. Skulen er bevisste på dette med skjermbruk på skulen. Viktig at heimane er bevisste på skjermbruk heime.
  • Det arbeides mye med nettvett noe som vi også oppfordrer heimane å fokusere på. Gjennom sosiale media/mob.telefoner møter elevane stadig på utfordringar som kan vere vanskeleg å handtere riktig. Utestenging på sosiale media er ei kjempeutfordring. Viktig at heimane følger med på kva som skjer når elevane har tilgang til mobiltelefon. Barn og unge treng vegleiing. Dei treng at vi voksne snakker med dei om kva det gjer med oss når vi skriv meldinger som ikkje er fine/gode og når vi ikkje inkluderer medelever. Det er viktig å bevisstgjere barn og unge på å ta gode valg.
  • Skulen arbeider med variert undervisning der vi mellom anna bruker stasjonsarbeid.
  • Uteområdet med Johan‘s Hage, Skulelia og idrettsbanen gir variert uteaktivitet både i friminutta og i undervisninga.
  • Saman med idrettslaget er det søkt om å etablere Tarzanjungel/dekkjungel som nærmiljøtiltak. Arbeidet påbegynnes i løpet av 2-3 veker. Vi har fått kr.300.000 i nærmiljøtilskudd til anlegget. Eiken idrettslag vil støtte med kr.100.000, skulen har kr.118.000 på fond+ ca 80.000 frå eit tidlegare nærmiljøtilskot.
  • TV-aksjonen; 6.trinn er med som bøsseberarar. Organiserast via klassekontakter og foreldre.

 

  • Dusjing:
  • skulen ønsker at elevane skal dusje etter gymtimane frå 3.trinn av. Blant elevane, særleg på mellomtrinnet, ser vi at elevane vil dusje med klede på. Hygienisk er det ikkje hensiktsmessig å dusje med tøy på. Ved å starte tidleg med dusjing tenker vi elevane blir meir trygge på kvarandre.
  • når vi skal ha symjeopplæring MÅ alle dusje UTAN klede før dei går i bassenget. Det anbefales også å dusje etter badetimen for å få av mest muleg av kloret.

 

  • Loppemarknad 6.trinn:
  • dette har vore tradisjon i mange år. Det går inn i tema om gjenbruk, er tradisjon og elevane førebur det meste av arbeidet, kan levere Overskuddsvarer kan leverast vidare til gjenbruk.
  • det er ønske om å fortsatt la 6.trinn arrangere loppemarknad

 

  • Klassekasse 7.trinn:
  • gjennom loppemarknad på 6.trinn, matsalg på sommaravslutninga 6.trinn og matsalg på juleavslutning 7.trinn samler elevane inn penger som dei kan ha i klassekassen.

 

  • Adventskalender:
  • skulen ønsker å fortsetje med “omvendt adventskalender”, der elevene kan gje noen kroner til eit veldedig formål.
  • elevane får med heim ein konvolutt med dato på. Konvolutten kan dei teikne/pynte på. I konvolutten kan dei legge i penger. Det er frivillig om ein vil gje noe. Konvolutten tas med til skulen og blir brukt som adventskalender.
  • også dette året tenker vi innsamlinga vil gå til Mongolia. Pengane som kjem inn blir brukt til å kjøpe inn f.eks bøker, skulesekker, sko, eller utstyr som skøyter, køller, baller o.l til aktivitetsenteret som er under oppbygging.

 

  • Juleavslutning 18. desember:
  • det planlegges juleavslutning for alle i gymsalen måndag 18.des. kl.17.30. Nærare informasjon vil bli gitt til heimane.
  • 7.klasse har ansvar for matservering på juleavslutninga
  • presten har deltatt på avslutninga
  • invitere foreldre, søsken, besteforeldre

 

  • Elevane fri siste skuledag:
  • jule- og sommaravslutninga reknes som skuledager/timer.
  • elevane får fri siste dag før sommarferien (torsdag 20.juni) som kompensasjon for lengre skuledagar ved jule/sommaravslutningar og evt lengre dagar ved skuleturar
  • det blir gitt tilbod om gratis sfo og skuleskyss denne dagen
  • lærarane har arbeidsdag på skulen denne dagen

 

 

  • Bussane:
  • det er ofte utfordringer på bussane, særleg på Skeiebussen. Skulen arbeider kontinuerleg med bussvettreglane.
  • det oppleves framleis utrygt når elevane skal krysse vegen på Skeie etter endt skuledag
  • ønskeleg med gangfelt frå bussbua og over vegen
  • ønskeleg at skiltet med 50-sone flyttes lenger bort frå bussbua (nærmare svingen) slik at farten blir redusert tidlegare

 

 

  • Økonomi:
  • Eiken skule fekk ekstra ressurser hausten -23 pga auka behov i antal elevar som treng spesialundervisning (5-1 vedtak), elevar som ikkje oppfyller krava til 5-1 vedtak men som treng mye ekstra ressurser for å få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa og noe støtte til framandspråklege. For komande år må vi truleg redusere rammetimer. Meir info om det på neste møte.

 

Foreldre oppfordres til å minne barna på å bruke hjelm og refleks!

 

Neste møte blir torsdag 23.nov-23 kl.18.00. Skulen sender ut innkalling.

 

Referent: Anne-Marie Telhaug