Skuletelefon:

Nummeret til skuletelefonen er: 97999525.

Beskjedar som dreiar seg om SFO skal sendas til SFO-telefonen (94527208).

 

Skuleavslutning:

Skuleavslutninga blir måndag 20.06. Føresette og elevar møtes på skuleplassen kl. 17.00. Skulen tennar opp grillen. Kvar familie tek sjølve med det som ein ønsker å grille. I etterkant vil det bli diverse leikar mv. på skuleplassen. Dersom de har ekstra stoler/bord lett tilgjengeleg er det fint om det tar desse med. FAU sørger for kaffi mv.

Føresette og elevar i 7. klasse samlast i etterkant (kl. 19.00) i klasserommet til 7. klasse til ein meir formell avslutning. Kontaktlærar, rektor og evt. tidlegare kontaktlærarar blir med.

 

Sparkesyklar til Pumptrackbanen:

Eg takka FAU for sparkesyklane på sist infobrev, men gløymde å takke dei andre som har bidrege med midlar til desse: To Teknikk AS, Snartemo Quality Products og Øyvind Urevatn AS. Tusen takk til dykk også.

 

Kommuniserbare klokker:

På infobrev for april 2022 gjekk eg ut med følgjande:

Skulen ser at tal på elevar som har med kommuniserbare klokker er aukande. I ordensreglementet står det: «Bruk av mobiltelefon og andre kommuniserande einingar i skuletida er ikkje tillate utan etter spesiell avtale».

Kommuniserbare klokker og mobiltelefonar, som elevane evt. har med på skulen, skal leverast inn til rektor/lærar ved starten av skoledagen, og hentas når elevane går heim for dagen».

 

I etterkant har eg fått ein del tilbakemeldingar frå føresette som påpeiker at deira born har kommuniserande klokker som blir sett i såkalla «skulemodus» i skuletida. Dette gjer at dei då fungerer som ei vanleg klokke, og ikkje kan kommuniserast med. Pr. definisjon er dei då ikkje «kommuniserande einingar». Årsaka til at borna har dei med seg er at dei brukas til å halde kontakt med borna etter at dei har kome heim og frem til føresette kjem, og liknande.

 

Eg forstår at «totalforbodet» kan opplevast som urimeleg for desse føresette. Det er dessverre ikkje alle klokker som kan setjast i «skulemodus», og skulen har ikkje kapasitet til å sjekke kvar og ei klokke kvar morgon. Eg vel å lage følgjande unntak frå regelen (går inn under «spesiell avtale» i ordensreglementet):

Elevar som har eit reelt behov for å bruke kommuniserande klokker etter skuletid kan ha klokka på armen også i skuletida. Denne må då stå i «skulemodus» heile skuledagen. Føresette, som dette gjeld for, sender rektor ein e-post med følgjande informasjon: Namn på barn, gjerne årsaka til at barnet treng å ha med klokka på skulen, og ein lovnad om at dei skal setje klokka i «skulemodus» i skuletida. For våren 2022 må denne e-posten sendast innan tysdag 10.05. Eg lagar ei liste over elevar dette gjeld for som blir gjeven til kvar lærar.

Alle andre kommuniserbare einingar må leverast inn ved starten av skuledagen.

 

 

Oversikt over spesielle dagar/turar på Kollemo skole våren 2022:

 

Dato

Kva

25/4

Foreldremøte nye 1. klasse.

28/4

Sykkeldag 4-7 (heile dagen).

28/4

Førestilling for 1. klasse og skuleklubben.

2/5

Samtalar med nye 1. klasse (Føresette får tilsendt tidspunkt).

4/5

5/5

Sykkeldag 1-3. (3., 4. og 5. time)

10/5

DKS (1-7.) - Boom Snap Clap (frå kl. 13.00 – 13.45).

16/5

Rydde søppel: 1-3. ryddar skuleområdet. 6-7. ryddar vegen ned til kommunehuset.

18/5

Rydde søppel: 4-5. klasse ryddar skuleområdet.

1/6

Førskuledag nye 1. klasse.

8/6

Sykkeltur med innlagt utesymjing for 4-7 (utvida skuledag til kl. 15.00).

14/6

Tur til Setesdalsbanen for 1-6. Kontaktlærarane gjev nærmare info når det nærmar seg.

14/6

Besøksdag for 7. klasse på Byremo. Kontaktlærar gjev nærmare info når det nærmar seg.

20/6

Sommaravslutning for alle elevar og føresette frå kl. 17 – 19.

20/6

Siste skuledag for alle elevar (Avspaserer tysdag og onsdag pga. lengre dagar ved skuleturane).

 

Følgjande kan også bli aktuelt, men det er ikkje endeleg bestemt enno:

  • Natursti 1-3.
  • 5. klasse er invitert til Heddan gard saman med skuleklubben i barnehagen. Tidspunkt er ikkje bestemt enno.

Kontaktlærarane gjev meir info på vekeplanane dersom dette blir gjennomført.

 

 

 

Med venleg helsing 

 

Kjetil Homeland 

Rektor