Frå 1. november 2020 overtar Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjar oppgåvene som kommunen har i dag. Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.
Meir informasjon finn du på skatteetaten.no.
Oppgåvene som blir overførte til Skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.
