Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Ny strømstøtteordning til frivillige lag og organisasjoner

Publisert , Oppdatert 31. august 2022
Bilde

Fristen for å søke straumstøtte er 7.september.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknadar om straumstøtte, søknadsfristen er 7. september klokka 13:00.

Ordninga gjeld i perioden april 2022 til mars 2023, og vi legg opp til ei søknadsrunde kvart kvartal. Det kan no søkast om støtte for perioden april-juni 2022.

Formålet med straumstøtteordninga er å motverke negative konsekvensar av dei høge straumprisane.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.

 

Kven kan søke?

Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:

  • Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
  • Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret, kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
  • Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret, kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drevet av frivillig arbeidsinnsats.

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som behandlar søknader frå frivillige lag og organisasjonar, i førre runde var det kommunane som hadde dette ansvaret.

Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her. 

  • Skjema
  • Tjenestebeskrivelser
  • Dokumenter
  • Lenker