Opplæring innanfor vidaregåande opplæring. Skil seg frå anna vidaregåande opplæring ved at han involverer både lærling, føretak, skule og yrkesopplæringsnemnda. Førar fram til yrkeskompetanse. Fagskuleutdanning er eige emneord.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er ei kommunal teneste med heimel i Opplæringslova. Målgruppa for Pedagogisk-psykologisk teneste er born, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbudet.
Transport til og fra skulen. Rett til skuleskyss gjeld for elevar som bur over ein viss avstand frå skulen og/eller elevar som har særlig farleg eller vanskeleg skuleveg. Rett til skyss gjeld ikkje til og fra skulefritidsordninga (SFO).
Vidaregåande skule omfattar kompetansegjevande opplæring mellom grunnskulen og høgare utdanning. Opplæringa er frivillig, men all ungdom mellom 16 og 19 år har lovfesta rett til vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen har lovfesta plikt til å følgje opp ungdom mellom 16 og 19 år som ikkje er under opplæring eller i arbeid.