Ei rettsavgjerd som avsluttar ei sak. I ei sivil sak vert krav som er sett fram avgjort. I ein straffesak vert det avgjort om tiltalte er skuldig i ei straffbar handling og kva for straff han i tilfelle skal ha.
Mekling er eit møte mellom to eller fleire personar i ein konflikt. Mekling i konfliktråd skjer ved ein uavhengig meklar oppnemt av kommunen. Dette gjeld mekling i separasjons- og skilsmissesakar og rettsmekling. Mekling i arbeidstvistar høyrer til undet emneordet løn.
Tingrett og namsmann (namsfut, ("namsfogd")) vedtek og gjer tvangsfullføringen. I ein del større kommunar er det eigen namsmann. Andre stader kan det vere ein lensmann eller det lokale politiet som er namsmann.
Ein embetsmann som skriv under og dermed stadfester visse rettslege forhald. Notarius publicus utfører vigsler og registreringer av partnarskap, og gir notarialstadfestelser, herunder stadfesting av underskrift og rett kopi.
Fri rettshjelp tyder at staten heilt eller delvis kan dekke utgiftene til advokathjelp. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. I nokre saker kan ein få fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue. I andre saker er det eit vilkår at ein ligg under ei viss inntektsgrense.