Planprogram for Hægebostad kommune 2012-2024
Arbeidet med ny samfunnsdel i kommuneplanen:
Hægebostad kommune skal lage ny samfunnsdel for kommunedelplanen. Denne vil vere styrande for vidare planlegging i åra som kjem – og tek mellom anna for seg
- Viktige langsiktige utviklingstrekk og utfordringar i kommunen – som til dømes folketal, alders- og kjønnssamansetning, barn- og unge sine oppvekstvilkår, likestilling, osb
- Retningslinjer for kommunens planarbeid (arealplanar)
- Miljømessige utfordringar – som bør ha innflytelse med omsyn på arealplanane.
- Langsiktige utfordringar/oppgåver for dei ulike etatane - både enkeltvis og i samarbeid
- Prioriterte satsingsområder og områder for spesielle verkemidlar
Som følgje av dette arbeidet vil det bli halde 2 folkemøter - næringslivet vil bli invitert til å komme med sine innspill, og dei unge vil og bli invitert til å komme med innspill. – samt lag og foreningar.
Det store spørsmålet er :
Kva bør Hægebostad kommune prioritere dei neste 12 åra? Hovudutfordringa skissert i planprogrammet ligg i å sikre fortsatt vekst i innbyggartalet.
Alle innspill må sendast skriftleg til kommunen.
Kommuneplanens samfunnsdel





