Søk - Innhold
Skjema og dokumenter
Søk - Nettlenker
søk - Kalender
Søk - Tjenester

Informasjon ang. suppleringsopptak eller endring i barnehagane i Hægebostad kommune med oppstart/endring frå 01.01.18

Publisert . Sist endret . Posted in Aktuelt

 

 

 

 

Det må søkast om minimum 2 dagar i barnehagen for dei under 2 år og minimum 3 dager for dei over 2 år for å få barnehageplass.

 

Kommunen følgjer makspris for barnehageplass – kr. 2 730,- pr. d.d.

 

 Prisene er gradert ut i frå kor mange dagar de benytter dykk av tilbodet om barnehageplass.

 

Antall dagar i barnehagen

2 dagar

3 dagar

4 dagar

5 dagar

Månadspris

Kr. 1680,-

Kr. 2100,-

Kr. 2520,-

Kr. 2730,-

 Det er berre mulighet for å søke 11 måneders tilbod.

 9 måneders tilbod («skuleår») er tatt bort.

 

Opningstid: måndag til fredag kl. 07.00-16.15.

Barnehagen er stengd veke 28 og 29.

 

Det blir gjeve 30 % søskenmoderasjon.

Det er matservering i barnehagen. Denne ordninga er obligatorisk.

 

De vil måtte betale for maten i tillegg til betaling for barnehageplassen. Dette inkluderer frukost, lunsj og fruktmåltid.

 

Antall dagar i barnehagen

2 dagar

3 dagar

4 dagar

5 dagar

Kostpengar pr. mnd. Hægebostad barnehage

Kr. 126,-

Kr. 189,-

Kr. 252,-

Kr. 315,-

Kostpengar pr. mnd.

Eiken barnehage

Kr. 143,-

Kr. 214,-

Kr. 286,-

Kr. 357,-

 

Kjernetid, då alle som har plass den dagen skal vera i barnehagen, er  

 kl. 09.00-13.00 i Eiken barnehage og kl. 9.30-13.30 i Hægebostad barnehage.

 

Forsikring: Alle barna er forsikra i tida dei er i barnehagen (ikkje til og frå barnehagen).

Taushetsplikt: Alle som arbeidar i barnehagen og med saker som gjeld barnehagen har taushetsplikt i samsvar med § 13 i forvaltningsloven og § 20 i barnehageloven

Opplysningsplikt: Dei som arbeider i barnehage vere oppmerksam på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta si side. Barnehagepersonell har opplysningsplikt til sosialtenesten, den kommunale helse- og omsorgstenesten og til barnevernet, jf. barnehageloven § 20 og § 21.

 

Vi vil så langt som det er mogeleg forsøke å imøtekome ditt/dykkar behov for barnehageplass, men pr. d.d. er det ikkje ledig plass i Hægebostad barnehage.

 

Meir informasjon om barnehagane finn du på heimesidane våre

 

www.eikenbarnehage.no og www.hegebostadbarnehage.no

 

Elektronisk søknadsskjema    

 

SØKNADSFRIST: 1. OKTOBER 2017

 

NB!! Dette gjeld og dersom dei som allereie har barnehageplass skal endre opphaldsdagar.  

 Spørsmål vedrørande søknad om opptak kan rettast til:

 

Eiken barnehage v/ enhetsleder Connie Brådland             tlf. 952 83 595 

                    

 

Hægebostad barnehage v/ enhetsleder Synnøve Hultin   tlf. 383 49 290/  480 79 219