Søk - Innhold
Skjema og dokumenter
Søk - Nettlenker
søk - Kalender
Søk - Tjenester

Kartlegging og verdisetjing av friluftslivsområda i Hægebostad kommune

Publisert . Sist endret . Posted in Aktuelt

Hægebostad kommune ynskjer innspel:

I Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv er det eit mål om at det skal stimulerast til kartlegging og verdisetjing av friluftsområda i alle kommunane i landet.    

Hægebostad kommune har vedteke at det skal utførast slik kartlegging og verdisetjing av friluftsområde i kommunen.

Grunnen til at ein vil klassifisere og verdsetje friluftsområde i kommunen, er å vise kva område som finst i kommunen og verdsetja desse.

Målet er:

  • Å ha bustadområde med nærleik til naturen
  • Å sikre allmenn tilrettelegging for friluftsliv
  • Å utvikle eit samfunn som legg til rette for sunne levevanar

Arbeidet med kartlegging og verdisetjing av friluftslivsområde skal følgje metoden som er presentert i Miljødirektoratets veileder M-98 2013 Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder

Kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde er ei temakartlegging som viser status for dagens bruk av og eigenskapar for kjente friluftslivsområde, og vil resultere i et digitalt faglig temakart over friluftslivsinteresser i kommunen. 

Det er viktig å merka seg at dette er en rein kartlegging dagens bruk av friluftsområda i Hægebostad og vil difor ikkje føre til endringar i grunneigars bruk- eller drift av områda.

Resultatet av kartlegginga kan leggast til grunn for framtidig planarbeid.

Arbeidet er utført av Hægebostad kommune ved Kari Røynlid og John Ivar Bjelland i samarbeid med idrettslaga i kommunen.

Kartet finn du her

Innspel og merknader til arbeidet kan sendast innan 1. august til:

Hægebostad kommune
Laukrokveien 4
4595  Tingvatn

eller: