Oppstartsmøte for landbruksprosjektet
Oppstartsmøte for Landbruksprosjektet i Hægebostad
Hægebostad kommune har vore så heldig å få vere med på Kvinesdal sitt landbruksprosjekt no som dette er inne i ein rolegare fase. Dette samarbeidet inneber at vi får nytte Arild Grødum som prosjektleiar/koordinator inntil 2 dagar per månad. Forløpig ønskjer ein å kjøre prosjektet over 2 år.
6.februar vart det invitert til oppstartsmøte med begge bondelaga, begge sauelaga samt representantar frå formannskapet til stades. Halvdan Jakobsen frå Fylkesmannen i Vest-Agder var og med.
Ordførar Ånen Werdal poengterte at landbruket og utviklinga av dette er svært viktig for kommunen. Om lag 50-60 årsverk er i landbruket – det er såleis ein av kommunen sine viktigaste arbeidsplassar. Det er også eit viktig poeng at alle desse bur i kommunen – slik er det ikkje i andre bedrifter kommunen har.
Grødum orienterte om korleis prosjektet har vore kjørt i Kvinesdal. Alle som har meldt si interesse har fått besøk av Arild Grødum. Saman med gårdbrukar vurderer han drifta og vidare planar – og koblar inn rådgjevarar frå andre miljø som Tine, NLR, Agder Mat for å få ein gjennomgang av garden og framtidig drift. Kommunen dekker då inntil 10 000 kr av kostnadene med rådgjeving. Dersom det har vore snakk om store investeringar har dei og søkt Innovasjon Norge om ”utredningsmidlar” for å kvalitetssikre tiltaket. Deretter vert det søkt til Innovasjon Norge om investeringsmidlar.
Det vart utnevnt ei styringsgruppe beståande av:
- Ånen Werdal , ordførar– tlf 977 09 901 – vara Arne Neset , tlf 905 20 535
- Knut Eiken, Eiken sau og geit – tlf 913 65 608
- Ånen Urevatn, Hægebostad saualslag – tlf 916 39 575
- Harald Hobbesland, Eiken Bondelag – tlf 909 26 093
- Arne Mydland, Hægebostad Bondelag – tlf 412 30 145
- Ingrid Trygsland Eriksen,Hægebostad kommune - tlf 383 49 124
Prosjektet har ein vid horisont – alle som ønskjer – uansett om det er tradisjonell investering eller utradisjonell – lita eller store planar skal få rådgjeving.Styringsgruppa er mellom anna opptatt av å bevare sauemiljøet i kommunen – og ser på det som svært viktig å behalde dei små sauebruka og. Ove Myklebust vil bli kobla inn i dei prosjekta der det er snakk om sau.
I løpet av våren vil det bli invitert til eit stort produsentmøte for alle aktive gardbrukarar, neste generasjons bønder samt alle andre som er interessert .
Vi håpar alle nyttar høvet og møter opp! Kontakt gjerne styringsgruppa dersom du ønskjer meir info eller vil melde di intersse for å få besøk av Arild Grødum.





