Søk - Innhold
Skjema og dokumenter
Søk - Nettlenker
søk - Kalender
Søk - Tjenester

Nytt SFO-tilbod på onsdagane i Hægebostad kommune

Publisert . Sist endret . Posted in Aktuelt

Frilufts SFO for 1. – 3. trinn startar opp i Tingparken frå august 2018. Der skal frilufts SFO ha fast base. Det vil bli eit variert opplegg med mange aktivitetar både i nærleiken av Tingparken og andre stader i kommunen og regionen. Vi ønskjer å lage kvardagar fylt med glede, undring og leik. 

 

Elevane skal bli venar på tvers av skular og alder, dei skal finne glede i meistring og dei skal lære seg nye ferdigheitar. Dei skal få rikeleg med mulegheiter til å boltre seg i naturen, undre seg over  skiftande årstider, lage mat ute året rundt, hauste og sanke av naturen sitt spiskammers.  Målet er at dei skal bli kjent med natur og kultur, både lokalt og regionalt, samt at elevane som framtidas vaksne tar vare på naturen. Det blir utarbeidd eit årshjul for frilufts SFO. Der vil det mellom anna inngå:

 

  • · Vinteraktivitetar (eks. skiturar/skøyter/aking)
  • · Sommaraktivitetar (eks. padling, fisking, livet i fjæra, Lista)
  • · Førstehjelpskurs/formingsaktivitetar
  • · Barnevandrarstien/Kvåsfossen
  • · Fuglekasseprosjekt
  • · Hyttebygging
  • · Samarbeid med Vest-Agder museet om aktivitetar

Pris er som i vanleg SFO kr. 43.- pr. time. Det vil bli kjernetid i Tingparken frå kl. 09.00 - 15.00, men ope etter behov frå 07.00 – 17.00. Det vil komme kostpengar i tillegg. Elevane må ha gode uteklede og vere førebudd på at det meste av SFO blir ute.

For meir info:  ta kontakt med skulane eller pedagogisk rådgjevar på e-post

eller tlf 38349576

 

Opplæringslova: § 13-7.Skolefritidsordninga

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn. Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.