Søk - Innhold
Skjema og dokumenter
Søk - Nettlenker
søk - Kalender
Søk - Tjenester

Olav Georg Tveiten og dalasauene

Publisert . Sist endret . Posted in Aktuelt

Kommunehuset på Birkeland har heilt sidan slutten av 1980-åra hatt to bilete av dalasauer tilhøyrande Olav Georg Tveiten som utsmykking på veggen. Bileta vart anskaffa etter at formannskapet 29.08.1989 vedtok at det kunne nyttast inntil 1000 kr til innkjøp av desse. Då kommunehuset blei totalrenovert i 2011, blei alle bileta teke ned mens arbeidet pågjekk. Mange bilete har aldri kome opp att på veggen, og bileta av dalasauene har vore blant desse.

Mange har etterspurd bileta av dalasauene til Olav Georg, og i haust fekk me bileta opp att på veggen i andre etasje på kommunehuset. På biletet over står Olav Georg Tveiten ved sida av sauebileta.

Det eine bilete er av vèren Svaledraum. Dette var ein heilt spesiell vèr med ei spanande livshistore som ein kan lese om i artikkel frå Bondevennen desember 2016 som ligg ved.(Les artikkelen her)

Olav Georg er svært engasjert i å ta vare på norske husdyrrasar, og det største engasjementet har han nok for dalasauen. Vedlagt er også ein artikkel frå Bondevennen november 2016 som omhandlar Olav Georg og han sitt engasjement gjennom eit langt liv. (Les artikkelen her)

Me er glade for å ha fått bileta opp att på veggen. Bileta symboliserar at landbruket har vore og er framleis er ei viktig næring i Hægebostad kommune. Ta gjerne turen innom kommunehuset for å sjå bileta